Ynglesdalen ligg om lag rett vest for Myrestølen, går opp frå vatnet og opp i fjellet parallelt med Raggsteindalen lenger sør, dalen endar opp mot Ynglesnuten. Der ligg fleire fiskevatn etter kvarandre oppover dalen: Tuftetjørn, Mestøltjørn, Stølabottjørn, Finnebottjørn, Ynglesvatn.
Namnet Ynglesdalen møter vi første gongen i skriftlege kjelder i lista over «Arbeidsdag til presten» 1752. Dalen var ein god stølsdal; frå gamalt låg der fleire stølar, rekna nedanfrå: Tuftidn, Mestølen, Stølabotten og Finnebotten. På alle desse har det ei tid vore vetrebuande folk.
Sjølve dalen skal ha namn etter ein Yngle, «Yngle den fredlause,» kallar ein A. Ø. han i ein artikkel i «Den 17. mai» 6/9 1918. Det har han truleg høyrt av einkvan i bygda. «Det må vera grytt lenge sidan han Yngle budde i dalen» (Olav Larsgard, Dølam. 1920, nr. 4). Han er ein segnfigur. Det går soger om han, mel.a.:
Han Yngle var rik. To av døtrene hans drukna i Garlielva på veg til kyrkja. Dei heldt kvarandre i hendene medan dei vadde, og so rak dei av, dei fanst ikkje att før i Torpo. Jentene heldt kvarandre i hendene også då dei fanst att. Det syntest for mange så underleg, at stakkane til dei tvær vart hengde opp i Torpo gamle kyrkje.
Ein gong var Yngle komen av dagatalet, han visste ikkje kor lenge det var til joland'. Han snugga seg til og ragga heimover, skulle høyre kor langt det leid med tida. Som han kom framom Stryknanosi, høyrde han det kneggja og lo: «Ha-ha-ha-ha, ha-a! Nåtte ei og dagadn tvei æ dæ atte te joland! Og han Yngle Dale har korkje bryggja ell' baka, ha, ha, ha!» Då snudde han Yngle med so gjort. Han visste nok.
Ein gong skulle han få spørje dei underjordiske om noko han gjerne ville veta, så skulle han få vismun. «Ke æ dæ som æ seigast te tusteband?» sa han Yngle (bandet som bind dei to stavane i ei tust saman, måtte vera omfram sterkt). «Kalvehals, du galne mann!» svara det. «Ha du no helde spurt ette kor det ber tå briskjiløgji!»
Rognald Nygard (frå Gudbrandsgard, f 1874), og visstnok fleire òg, meinte å vita at Yngle budde på Mestølen, i det huset som enno står der, «sikkert det eldste huset i fjello no». Stugu på Mestølen er eit svært gamalt hus, men er nok bygt av andre enn Yngle (sjå Mestølen nedunder).
I 1884 kjøpte fabrikkeigar Emil Michelet Mestølane av eigaren då, Vebjørn Nilson Bakken, med jakt og fiskerettar. Seinare åtte Berg'ane (Hadelands Glasverk, Glasmagasinet, Oslo) om lag heile Ynglesdalen med jakt og fiske. I 1949 kjøpte Hol kommune eigedomen. Kommunen leiger bort jaktretten. Hol turistlag har tilsyn med fisket, set ut yngel når det trengst, sel fiskekort osb.
Opphavelig nok under Sudndalsgardane, så under øvre Bakken i Skarsetlien.
Tuftidn er den nedste av dei faste bustadene i Ynglesdalen, plassen er nemnd i lista over arbeidsdagar til presten 175256. Namnet tyder på at der har vore bustad også lenger att i tida. Som nemnt under Gudbrandsgard, og andre stader og, heitte det i 1732 at nordre Sudndalen (Gudbrandsgard) hadde «sin almenning» på vestsida av Strandavatnet. I «Prestelig rettigheds mandtal 1775» heitte det under Gudbrandsgard: «Ynglesdal på Langestrand, øde». Frå gamalt har sikkert dei andre Sudndalsgardane (Veslegard og Halvorgard) òg hatt rettar i Ynglesdalen. Den første fastbuande som vi finn på «Tofterne i Inglesdalen» i prestelistene 175256, var frå myljo Sudndalen, Veslegard:
1752. Lars Johannesson myljo Sudndalen Tuftene, skft. 15/2 1773, g m Anne Aslaksdtr. nordre Villand.
Han var son til Johannes Larson myljo Sudndalen, og hadde hatt farsgården frå ca. 1732 til 1745. Han var medeigar i Mestølen. For 20/12 1770 selde han halvparten i Mestølen og halvparten i husa og herlegdomane som høyrde til, til Ola Torbjørnson Hivjubakken (Bakken). Borna var fødde på Veslegard, men dei yngste i alle fall var nok med i Ynglesdalen (den yngste var 9 år i 1752).
Då han selde Mestølen i 1770, var Lars og huslyd på Tuftene. I 1803 og 1811 hadde Tuftene vorte støl til Øvre Bakken. I matriklane 1887 og 1904 står Myrestølen som eigar, folka der brukte Tuftene til langstøl. Sidan vart Røgnald Knutson Gudbrandsgard Nygard eigar; han leigde stølen bort til sauehamn.
Rudd i Sudndalsvaldet vestafor.
I «Fortegnelse over husmænd og løse personer» som skulle svara arbeidsdag til presten 175256, er også ført opp: Ole Torbjørnsen «Ynglesdal». Han vart kalla «Langestrand eller Strandelien» då han hadde born til dåpen i åra 175159. Han og huslyden budde nok på Mestølen.
Ca. 1749. Ola Torbjørnson Ynglesdal g m Guri Holgesdtr. Hølgjigarde Langestrand.
Stugu på Mestølen, som enno står, vart truleg i si tid bygt av Gudbrandsgard, som stølen og bustaden då høyrde under (oppl. 1775, sjå «Ynglesdal på Langestrand, ovanfor). «Eldste husa i fiello no», sa Knut Nygard). Stugu er 8-9 alen lang og ca. 5 alen breid, timmeret er kløyvt, stokkane ser ut til å ha vore saga med hand og kløyvde i endane. Der er eit to-luta vindauga med tre glasruter i kvar lut, og eit lite vindauga i raustet. Innåt stugu står løa, under same tak. Under stugun og fôrhuset er det eit stort steinfjøs, med plass til kring 20 festykke. Det er lem og trapp ned i fløset frå stugun (som også t. d. i Urevassbotten).
I 1754 heldt Ola Torbjørnson mellombels ei kort tid til i Garli (sjå denne). Etter at dei siste borna var fødde 1759, flytte han til Myren i Sudndalen, som han bygde, han var skiftevis på Myren og Myrestølen, som var støl til Myren, på Strønden. Om borna o.m. sjå Myren, sjå òg Myrestølen.
Lars Johannesson myljo Sudndalen Veslegard på Tuftene i Ynglesdalen, selde 20/12 1770 halvparten i nordre Mestølen til Ola Torbjørnson nedre Hivjubakken Bakken. Denne Ola Torbjørnson er ein annan enn han i Ynglesdalen med same namn, denne vart eigar både av nordre og søre Mestølen (nedre Bakken-soga). Nils Andresson Bakken f 1803, som i 1865 også kjøpte øvre Bakken og slo øvre og nedre saman til ein gard, brukte å sitja med krøtera mykje av året på Mestølen (sjå Bakken).
1/4 1885 kjøpte Hermann Torsteinson Rabbestølen Mestølen, men overlet han 19/10 1889 atter til Vebjørn Nilson Bakken, som 2/8 1884 selde jakt og fiskeretten til fabrikkeigar Michelet for ei børse (sjå Bakken). jfr. ovanfor innl. om Ynglesdalen.
Stølabotten ligg opp for det tridje vatnet oppe i Ynglesdalen, Stølabottjørna. Rudd i Sudndalsvaldet vestafor, som dei andre stølane i Ynglesdalen.
10/12 1808 fekk Knut Torjusson Sverdalen skøyte på stølen Stølabotten av verfar sin, Helge Vebjørnson øvre Hivjubakken (Bakken). Han var den første vetrebuande der.
1808. Knut Torjusson Sverdalen Stølabotten f 1764 d 17/12 1833 g m Anne Helgesdtr. øvre Hivjubakken f 1778.
Han brukte namnet Sverdalen. Det er uvisst kvar Knut Terjusson var frå (visstnok ikkje frå Aurland). Var først på øvre Bakken hjå verforeldra (der kom dei to første borna til). Men 10/12 1808 fekk han av verfar sin, Helge Vebjørnson Bakken, skøyte på Stølabotten i Ynglesdalen saman med halvparten i ei fisketjørn nedunder stølen. På Stølabotten budde dei sidan.
Born:
Knut Sverdalen lånte 28/6 1811 90 rdlr. av Henrik Torsteinson Øvrejorde mot pant i Stølabotten.
I 1826 var Knut og huslyd i Einseta i Einsetlien. «Knut Einseta og hans kone Anne Holgesdtr.» vart nemnde i lensm. Stein Hamarsbøens «Indberetning» 5/5 1826 til futen om korleis Arne Pålson Eggen vart pågripen; dei hadde hjelpt til med å få teke han (sjå Eggen-soga). Dei må ha fått bu der av eigaren av stølen, Per Knutson Einsetlien (f 1781, sjå Einsetli-soga). 9/6 1827 var det (etter stiftsoverrettsdom 12/3 1827) eksekusjon hjå dei for ei gjeld på 164 spdlr. på stølen Stølebotten, «hvor Knut Torjussen Ensæto og hans kone Anne Holgesdtr. Ensæto er boende».
Knut var ikkje til stades; Anne Holgesdtr. sa at dei korkje åtte pengar eller lausøyre, men «pladsen eller sæteren Stølsbotten». Men ved nærare etterrøking vart det funne ei kvit ku og ei raudsidut kvige. Anne sa at kua var ikkje deira, ho var seld til Bjørn Søgnberg frå Bergenhus stift for 6 spdlr., og kviga var selt til syster til Anne, Jørand Helgesdtr. Men det vart teke utlegg både i dei to krøtera og i Stølabotten.
Ved skiftet etter Knut åtte buet stølen Stølabotten, verdsett til 60 spdlr., og ein del lausøyre, verdsett til 7 spdlr. 4 ort. Der var ei ku og ein kalv, men dei hadde dei leigt av Per Pålson Eggen, og 2 fenadskrøter som også var leigde av andre. Mel. lausøyren på Stølabotten var ein gamal hestesele, ei rifle, 17 setningskjørel, ein gamal holk, ein vass-så, 2 sørpebytter, ei gamal kiste osb. Det var ein god del gjeld: 45 spdlr. til Ivar Hanson Bakke (Gudbrandsgard), 1 spdlr. 2 ort til Birgit Embrikksdtr. Håkonset «for slagtning af creaturer i forrige sommer», o.m. Det var eit underskot på 37 spdlr. i buet. Enkja, Anne Holgesdtr. ynskte å overta Stølabotten, som då ikkje var skyldsett, det skulle skje neste sumaren.
Etter Knut og Arne har det ikkje vore vetrebuande på Stølabotten. Eigedomen kom under Bakken att. Ved matrikkelrevisjonen først i 1860-åra var Nils Anderson Bakken (som frå 1865 åtte båe Bakken-gardane) eigar. I Stølabotten var det då 20 mål fjellslått. Nils selde i 1874 Stølabotten til Hermunn Torsteinson Rabbestølen (f 1838), som brukte Stølabotten til støl. 1911 selde sonen, Andres H. Rabbestølen fjelleigedomen Stølabotten til Berg'ane (Kristofer og Nils Chr. Berg) med rett til å leige stølshusa og hamna att for ein låg pris.
Finnebotten ligg øvst i Ynglesdalen, litt ovenfor Finnebottjørna. Der var gamal støl, som nok opphavleg høyrde til Sudndalsvaldet, sidan til øvre og nedre Hivjubakken (Bakken) i Skarsetlien. Då Botolv Larson i 1780 kjøpte nedre Bakken, følgde stølen Botten i Ynglesdalen med. Litt seinare, i 1796, er stølen kalla Finnebotten. Det er sagt at navnet kjem av at der skal ha butt finnar. Det er mogeleg. Mikkel Eilevson Solheimn o. fl. dreiv med tamrein i Holsfjella i 1780-åra og hadde eit finnepar til å gjæte. Mikkel Solheim hadde inngjerdingar for reinen på stølen sin, Hivjudalen, noko lenger sør, men reinen vart gjætt ved Hallingskarvet (Hol I, s 230231).
Ved skøyte 13/5 1796 kjøpte Ola Ellingson Villand Dokken den eine halvparten av Finnebotten av Helge Vebjørnson søre (øvre) Bakken, og 19/S 1802 hin halvparten av Herleik Hanson nedre Bakken. I Finnebotten sette han opp ein bygning med 5 rom på rad, fortalde HB: Fjøs, skjøl, stugu, løe, heststall. Ei dør frå Hol kyrkje skal ha vore nytta i huset. Fjøset og skjølet var av stein, det andre av grovt, svært 1/2-alens timmer. Timmeret køyrde Ola or Gudbrandsgards-skogen sunna Trettestølen nede i Sudndalen. Heile huset gjekk seinare med i ei skreie. Ola Dokken brukte Finnebotten til støl, men var der med krøtera også utover vinteren, til kyndelsmess (2. febr.). Då buførde han heim, sette trugar på kyrne, dersom snøen var for stor. Under sonen, Elling Olson Dokken, som hadde Dokken 181134, var det ei stutt tid fast vetrebuande folk i Finnebotten og:
1821. Carl Eirikson Steine, frå Aurland, f 1791 (27 år gl. i 1818) g i Hol m Gunnvor Narvesdtr. Moen, Hovet, f 1794 (sjå Aurland II, s 115 nr. 64).
Då dei hadde første barnet, Eirik, til dåpen f 1818, var dei på Moen i Hovet; då andre barnet, Ragnhild, var til dåpen, kallast dei «Finnebotten under Dokken i Sundalen». Då tridje barnet, Margit, f 1828, vart døypt, kallast dei Bryhaugen. Dei var eit par år i Finnebotten.
I «Indber. til futen» frå lensm. S. Hamarsbøen om «Arne Paulsøn Eggens pågribelse» 5/5 1826 høyrer vi at «Cari Eriksen Stene» hadde vore saman med Arnne om å ta 3 hestar «langt nord i fjeldet», som høyrde to lærdøler til, og ride dei langt av lei, sumaren 1825. I meld. si frå 1826 sa lensmannen at Carl «nu skal holde sig i Hardanger».
Carl og Gunnvor flytte til Herandsholmen, Herand i Jondal, Hard. i 1825 (om dei og etterkomarar der, sjå utflytte (I) (IV) under Moen, Hovet).
Soneson til Ola Ellingson Villand Dokken, Per Ellingson, budde òg ei tid i Finnebotten, nok frå det året han gifte seg:
1843.Per Ellingson Dokken f 1813 d 1862 g 1843 m Sissel Kitilsdtr. Veslegard d.y. f 1812.
Dei kalla han Per Finnebøtte (HB). Mor til Sissel, Guri, var syster til gamle Halvor Berg (Berg'en). Per var i Finnebotten eit par år. I 1845 kjøpte han søre delen av Halvorgard, og flytte dit. Då han flytte frå Finnebotten, brukte han ukse til å køyre sitt til bygda med.
Det er sagt at ei Kari Finnebotten var den siste som budde fast i Finnebotten. Ho flytte derifrå til ein plass ovanfor Rabbestølen, men heldt fram med å slå i Finnebotten, ho drog høyet heim på ein slede om vinteren (Paul V. Kaupang, i Dr. Tid. og Busk. Bl. 5/9 1968).
28/10 1856 kjøpte Johannes Halvorson søre Berg og Johannes Kitilson nordre Bry Finnebotten unna Dokken. Dei brukte sidan kvar sin del til langstøl til gardane sine, det var ein nordre og ein søre støl med kvar si bu. Til stølsfeet brukte dei beitet nærast ikring stølane, hamna lenger oppe leigde dei bort til fekarar frå Aurland og Voss. Fekarane låg med feet sitt på Ynglesnutlægra (Finnebottlægeret, Skarvålægeret og Godfjellægeret). Ved skøyte 10/7 1915 vart verkseigarane Berg også eigarar av Finnebotten. No er Finnebotten overteken av Hol kommune, som Ynglesdalen i det heile (sjå innl. ovanfor).
Då vi var i Finnebotten 18/8 1946, var det stilt og audt der. Bua
på søre vollen, ein svær og fin voll, var til nedfalls, taket heldt på
brotne saman, alt trevyrket inne var borte. Det er digert
timmer i raustet og i midtbolken inne, stokkane mest halvmeteren. I
ein av stokkane inne er det innskore: «J B 1858» (dvs. Johannes Berg).
Bua på nordre vollen er lik den på søre, men betre vedlikehalden,
låst. Denne vollen er meir steinut. Båe vollane er mykje tilgrodde
med vier. På nordre vollen står ei bu som i det siste har vore brukt
av fe- og uksegjætarar. Det viser merke etter ei gamal bu sør på
vollen. Vi kan ikkje sjå noko merke etter det store stølshuset til
Ola Ellingson Villand-Dokken, skria har nok teke det heile med seg.
Fr. Berg, som åtte Finnebotten i det siste, har sett opp eit stort
nytt fjøs, med plass til 30 naut. Ein bekk som renn ned nordanfor
søre vollen, susar sterkt oppe i halla, og frå elva som renn sørover
mellom stølane, stig det ein døyvd dur, det susar om noko som har
vore, ætt og eige høgt tilfjells i Hol.