Det følgjande er eit tilrettelagt utdrag av Folk og fortid i Hol, band II av Lars Reinton og Sigurd S. Reinton, Hol kommune 1943.


Jakt og fiske. Vilt og veidarar.

Amtmannen seier i meldingane sine um veidinga og fisket:

«I fjeldvandene i .. Hallingdal fiskes ei ubetydelig ørret og siig, der nedlegges til rakfisk og avgiver suul om vinteren» (5-årsmelding 1835—40). «Jakten er kun i fjelddistrikteme av nogen betydenhet, dog fornemmelig ryper og harejakt om vinteren, og nogle rensdyr skytes også der» (1850—55). «Fisken i fjeldvandene, hvorav stadig flere besættes, er av fortrinlig kvalitet» (1860—65).

Det var mest lausekarane som dreiv med veiding og fiske. «Eg kann ikkje skjøne ko dei leva ved lausekaradn i Høve no; ikkje ha dei snuru og ikkje ha dei net!» sa storveidaren Lars Gudbrandsgard i siste halvpart av det 19. hundreåret. Det var før levevegen for mange. Ikkje so at dei vart rike av det. «Det blir ingen veidemann rik», er eit gamalt ord i Hol. Men ein kunde no fø seg sjølv med det, og um det kneip ogso kone og born; når ein berre hadde litt anna attåt. Men i stor mun var det vel sportshugen og hugen til fritt liv og eventyr som dreiv. Det var spaning ved jegerlivet, meir den tid våpna ikkje var so fullkomne som no. Ikkje minst var det å vera bjørnejeger eit vågsamt yrke, og dei beste av dei vart vidgjetne.

Bjørn

Det var mykje bjørn i Hol i gamle dagar. «Bjørne og ulve gives i mængde i fjeldbygderne og anrette megen skade på bøndernes kreaturer», skreiv Jens Kraft (1822). Namn som Bjødnafet, Bjønnsend, Bjødnahiet, o. s. b. er minne frå den tida. Mange er dei bjørnesogene som enno går i bygda.

Sjugurd Kvamen fortel: Me fekk vitjing av ein bjørn eingong, som ikkje var unsele'n. Han kom vegen nedanfrå moen og tok upp ved Kvamshaugen, — der drap han ein bukk; han låg sundriven ova loftet um morgonen. I Kvamen flabba han til hesten som gjekk på gjordet, og strende han med klørne bak på lenda, — men han kom seg undan. Deretter tok han fenaden i ei høye øvst på gjordet to netter på rad. Dei fann daude og halvdaude sauer og geiter kring på haugane fleire stader etterpå. Då stengde dei fenaden inne i stallen og sette ei sterk jernstong fyre. Men bjørnen kom att tridje natta, reiv vekk stengslet, skjussa fenaden til skogs og reiv sund fleire av sauene. Dei miste tre kylløg småfe i Kvamen den gongen. Ein bukk vart so skræmd at han ikkje kom fram att før ved kyndelsmessbel, — då fann dei han ved Glytthus, ein plass ova Rue. — Bjørnen var og framme på stølane i Helgesetlien fleire gonger.

Ulv

Skrubben var og ei landeplage i fyrste halvpart av det 19. hundreåret, men verst i åra utetter frå 1800. Gamle folk har fortalt at det var store mengder av han i Hol i den tida (t. d. prost Dybsjord etter far sin, gamle Knut H. Gjivsjordo f. 1809). Dordei Pålsdotter Pålgard, f. 1810, (gift til Gjivsjordo) fortalde at den tid ho var barn kunde ein ofte klåre måneskinskveldar um vinteren sjå heile flokkane med skrubb ræse over isen på Pålgardflorden i Skurdalen. Dei prøvde å fange skrubben i graver. Frå den tid skriv Ulvestugu ved Berget nordi moen i Holet seg og liknande «stugur» andre stader, t. d. i skogen millom Haugen og Kvamen.

Tilslutt samla folk seg til klappjakt på dei, soleis i året 1830 «til den i 1830 avholdte ulvejakt, som fuldkommen svarede til hensigten, blev av Aals kommune bekostet noget over 1 centner krudt», heitte det i eit brev frå lensmann Hamarsbøen 26. februar 1848 til formannskapet. Av skattesetlar frå den tida ser ein at desse utgiftene vart utlikna på skattytarane og innkravde under namnet «Ulvejagtpenge», — på Øvrejordo fall soleis 13 skl. i «ulvejagtpenge» 1830. Johannes Berg, far til Halvor Berg, var med «og gjekk skrubbejakt» den gongen. Dei samla seg nordi fjellet, stilte upp manngard, fortalde Halvor, og larma det dei kunde med børser og trummer, og jaga soleis skrubben fyre seg sørover alle fjell og åsar. Ved grensa millom Hol og Al tok ålingane ved og dreiv vidare.

Etter dette hadde bygdene meir ro nokre år, men i slutten av 1840-åra kom gråbeinane att, dei fylgde med reinsflokkane som vart innførde i bygda i 1846. Den 26. februar skreiv lensmann Hamarsbøen i det føremnde brevet til formannskapet: «I indeværende vinter har den vist sig nesten over det hele i Aals præstegjeld.» Han gjorde framlegg um klappjakt att og meinte det vilde gå umlag like mykje krutt denne gongen som i 1830, «hvis ulvejagt skal foregå». Men formannskapet gjekk ikkje med på nokon klappjakt (vedtak 5. april 1848). Dei meinte at ulven då hadde drege seg meir burt frå holings- og ålingsfjella, og stelte saka «i bero til så lenge». Men burte var han ikkje; folk var mykje plaga av han både i 1850- og 1860-åra. Reinsflokkane vart jaga til fjells av han. To skyttarar som var på reinsjakt fyrst i 1850-åra fortalde at dei fann 6 daude reinsdyr «der vare drept av gråben», — etter deira utsegn. Jegerane sa og at dei på same turen såg ein ulv jaga ein reinsflokk. Heilt pålitelege var ikkje vitneprova frå desse jegarane; dei var klaga for å ha skote ulovleg rein. Men andre kunde fortelja liknande ting. I 1850-åra var her atter ei ulverid, men ikkje so ille som tidlegare. Denne gongen og kom skrubbane med reinsdyrflokkane. I bygda går mest likeso mange soger um skrubben som um bjørnen.

Gaupe

Gauper var det og ein del av i gamle dagar. Serleg i stroka kring Kvamen og Haugen. Dei kom gjerne fram på Eidsberga og drog sørover under kambo. Sjugurd Kvamen skulde ein gong som smågut jaga sauene uppover ovanfor husa. Brått kasta det seg ei gaupe fram or skogen og hogg tennene i strupen på ein av sauene. Sjugurd fekk skræmd ho, so ho slepte sauen og la til skogs att. Sauen levde ei tid etter dette, men døydde um hausten av skaden. Gamle Jon Haugen la eingong ein daud hest bak badstugu til esl, og skaut tre gauper på ei natt.

Jerv

Felefransen (jerven) har herja verre i Hol. Han har sin eigen utspekulerte framgangsmåte: Han spring ikkje etter sauen når han vil ta han, men rullar seg i staden saman som eit nysta. Sauen blir forviten og nærmar seg for å sjå kva det er. I same augneblinken er jerven uppe og på ryggen av sauen, syg so blodet or han til han ikkje kann meir. Soleis tek han sau etter sau. — I 1920 gjekk Hol landbrukslag til å yte kr. 150 i skotpremi på jerv og uppmoda heradsstyret til å yte tilsvarande. Heradsstyret vedtok å gjeva kr. 500 for kvar skoten jerv, idet grannesoknene vart uppmoda til å yte noko liknande. I 1922 var den samla skotpremien på jerv på den måten komen upp i kr. 900. Seinare vart premien sett ned. Skaden ved felefransen har minka, men dette verste skadedyret i Hol no er ikkje utrydda enno.


Felefrans (jerv). Nils Sveingard. (Fot. Olav S. Reinton)

Rein

Reinsjakta var viktig før. Det var ein rikdom med rein i fjella, både på vidda og på båe sider av Hallingskarvet. Endå so seint som etterat Krækjahytta var bygd (1880) var det so mykje rein på Hardangervidda at det var lett å skyte meir enn ein trong, fortalde O. L. Åker. ««Du får skyte med deg ein rein», sa kjeringi, når eg skulde heim ein tur. Og det slo alder feil, — rein vart det». — Sume levde mest av reinsjakta. Reinsjakta gjekk for seg i august, september og oktober. Det galdt då å ha gode børser, — dei beste vart gøymde på som dyrverdige eignaluter, fekk namn, og vart umtala som menneske. Me har nevnt «Assora» som Lars Gudbrandsgard hadde etter goffa sin, Assor Garatun (Tufto; sjå Hol 1, s. 220-221). På Tufto i Ustedalen hadde dei «Asbjødna» etter Asbjørn Maurset. Då Halvor Berg var framvekstring, var storjegeren Lars Gudbrandsgard ein gong på Berg, og dei tala um at det var på tide at guten fekk seg ei god reinsbørse. «Du får burt til Tufto og få tak i Asbjødna», sa han. «Kristiguten», som ei tid budde i Garli sunna Strandavatnet, hadde ei reinsbørse som heitte «Torsa». Ho var god. Når han gjekk ut på reinsjakt, sa han til kona: «Når du høyrer Torsa tek til å raute burte i fjello, kann du seta over gryta, Helga!» — då vart det reinskjøt, det var ikkje til å ta i miss på. Dei gode børsene var gjæve. Dei gjekk i arv frå far til son. Det var ikkje rart um Lars Gudbrandsgard vart sinna ein gong Kristiguten skaut sundt børsa hans. Men Kristiguten var ein fuling: «Då ho vilde rjøke, so laut ho då, — eg kunna kji halde'n», sa han. Dei rekna ei god børse verdt ei god kyr. Dei gamle flintebørsene var store og tunge, kunde vega upp til 22 merker (5,5 kg.), og tola ein svær ladning, dei small som ei liten kanon. Dei kunde felle reinsdyret på 200 alners avstand (125 m., O. A. Bakkene).


Krutthorn frå Gullstein og krutthornet til Knappe-Gaute, Ustedalen. (Norsk Folkemuseum, Bygdøy)

Når ein skulde gå på reinsjakt galdt det å vera uthaldug, — det var å flyge fjell og finne dag etter dag. Dei for vidt; um nettene sov dei ute. Sume stader hadde dei visse hellerar, som dei tydde til. Norda Hallingskarvet var det Øljuhelleren og Kongshelleren dei mest brukte. Til Øljuhelleren søkte dei frå alle kantar. Halvor Berg var ein gong i sin ungdom med på reinsjakt med storveidarane Lars Gudbrandsgard og Lars Lein; då overnatta dei i Øljuhelleren. Men dei vart ikkje åleine der, der kom både lærdøler og aurlendingar og andre holingar, det vart 12 mann der den natta. Der var ikkje auleg. Språkinga og sogene gjekk heile natta (Halvor Berg). Men var det ikkje høve til å koma i ein heller, la dei seg ned på berre marka med torveflak over seg, som dei flekte av berg eller steinar. Var det surt ver eller uver sveipte dei seg inn i hudene av reinsdyra dei hadde skote. Når snøuver kom over dei, var det ofte den einaste måten dei kunde berge livet på. Reinsmuddar brukte dei ikkje. — Det var mest hudene dei nytta av reinsdyret, kjøtet vart ofte liggjande att uppe i fjellet. Hudene brukte dei mest til alt mogeleg. Dei var framifrå til sengeklæde, — då skar dei av hedna og fetene. Det var den beste underdyne ein kunde liggje på, seier presten Erling Grønland i minna sine, han prøvde det då han var i Hol i 1880-åra. Fetene brukte dei til sko, og skinna elles vart brukte både til trøyer og brøker, til reimar, tog og anna. Prisen for reinskjøtet var ikkje svært høg. I 1880-åra var ein glad ein fekk kr. 10 for reinen, fortalde O. L. Aker.


Reinskyttarar. Ola Dal, Halvor O. Halingstad, Asle Nestegard, Erik S. Tufte og Hans Nestegard. (Fot. Olav S. Reinton)

Elg

Det vart sagt i eit høve 1880 at elg «her nu sjelden inntreffer». Elg har det vore ein del av i Sangelien og i vestre dalføret; i øystre dalføret har det ikkje vor skote elg i det siste, det me veit av. I Lio er det felt ein del. O. L. Aker, Mikkel og Sigurd Haugen o. fl. skaut fleire for ei tid sia. I 1936 vart det skote 5 stykke i Sangelia.


Elgjegarar: Mikkel og Sigurd Haugen, Lio. (Fot. A. Grøvo)

Ørn

Av ørn har det vorte felt ikkje so få.


Ørnar, skotne i Ørneberget ved Hivjufossen av Knut K. Bry. (Fot. Knut Bry.)

Småvilt

Av mindre vilt har det vore mykje, og før meir enn no. «Harer findes i overflødighed», skreiv Jens Kraft 1822, og rjuper var det og ei mengd av, sa han. Likeins var det mykje rev og storfugl. Reven tok dei i soks og på åte, eller dei skaut han. Storfugl, hare og rjuper fanga dei mest i snurur, vintertider og um våren. Skaut dei rjupur var det um vinteren mea dei sat i store flakar i trea eller på snøen, — aldri i lufta. Fjellfolka tykte det var eit bisn då sportsjegerane frå byen kom og skaut rjupa på floget! Slikt hadde dei aldri sett! I dei øvste bygdene, som i Skurdalen t. d., sette dei snurur for storfuglen i åkerreinene i skogkanten um vårane når han kom fram på groen. Snurur for rjupur sette dei kvar dei vilde i fjellet, det var ikkje grenser for mitt og ditt soleis før. I Raggsteindalen kom det alle slags folk frå bygda og sette snurur side og side med grunneigarane, ofte fekk dei hus der i Raggsteindalen og låg over um natta (Ola T. Raggsteindalen-Halvorgard). Og for ein rikdom av rjupur, - alle år! Det hende nok dei vart burte i uver stundom, men dei kom straks att. Det såg ikkje ut til at det gjorde noko at det vart veida mykje. Det var nokre år det var so usturteleg mykje rjupur uppe ved Fjellberg, fortalde O. L. Aker. Alle snurune hekk fulle, folk tykte det var mest uhyggeleg. Ein veidar som dag etter dag kom att med fullstappa ryggsekk sa ålvorleg: «Gud veit ko detta skal tyde!»

Småviltet selde dei til vetrehandlarane, som me har høyrt; i seinare tid til landhandlarane. So seint som vinteren 1911 kom det til Hol spareforening 7000 rjupur fanga i snurur. Rett nok fekk spareforeninga størsteparten frå Sudndalen, der dei dreiv det mest, — mange deruppe levde mest av snurufangst; men dei andre butikane i bygda fekk og mykje. Ein tek snautt for sterkt i um ein seier at det kom ei 10-12 000 rjupur til landhandlarane det året. Til det kom so det sportsskyttarane skaut med hund um hausten, — og dei sopte ned. Kunnige folk meiner at det vart drepe minst 20 000 rjupur i Hol det eine året. Holigane åt ikkje rjupur, harar eller storfugl sjølve, dei rekna det ikkje for skikkeleg mat. Ein gamal mann i Skurdalen vart boden til middag på storfugl av ein Oslo-professor som budde deruppe. «Nei, eg har alder ete uåt», svara han, «men han Ola et det nok; han føre no i seg alt som er.»

Truer ved veiding.

Når nokon skulde ut på veiding måtte ein ikkje ynskje lukke til, for det meinka veidelukka. Ein skulde kaste ein sopelime etter veidaren, eller sputte etter han. Når veidemannen gjekk til skogs (eller nokon skulde ut på ferd), sopte dei vel golvet, og sytte for at golvet heldt seg reinsopt til veidemannen (ferdamannen) kom att. Slike fyregjerder gav lukke.

Til esl for skrubb brukte dei gjerne ein daud sau eller ei daud geit, som dei reiste på føtene i ope lende eller på ein is. Datt det ned eit hagl under lædinga, var dei berre glad til. Det galdt å finne det att, for det var «livhagl», det drap dyret.

Møtte dei eit kvende når dei gjekk ut, var det eit låkt merke, var det eit laust kvinnfolk var det mindre ille. Det var bra å møte ein mann, og best å møte ein hest.

Fekk ein rjupe med svarte dun um vinteren var det teikn på god veidn og lukke framover. — Det var bra å få eit veidn-tal som enda på odde. Det var teikn på god veidelukke.

I eldre tid sette dei rjupesnarene ut or stilling frå laurdag til måndag. Likeins i jola. Då skulde og viltet ha fred og fridom. Det var og vanskelegare å få fengd helligdagane. Hadde ein snarene uppe sundagane og fekk mykje fengd, tydde det uheppe vyrkedagane etterpå.

Dei trudde at alle villdyr var lettare å få tak i ved nymåne.

Låg drepet med føtene i veret, torde ikkje villdyret koma att.

Veidemannen brukte å drikke blodet varmt av reinen.

Dei hogg snuten av haren; for dei ottast at fekk ei kvinne med barn sjå snuten, vart barnet haremynt.

Det hende at skyttarar tok med seg altarbrødet når dei gjekk til altars og hadde det i børseladninga når dei skaut på viltet. Då skaut dei aldri i mist, og børsa bar skotet so mykje lenger (Pål Slåttun og brørne hans gjorde det, fortelst det).

Vilde ein få ei børse til å drepa godt, skulde ein setja . . . . inn i løpet. Storskyttaren Gamle Haugjin (Knut Pålgardhaugen) gav denne råda til ein mann. Mannen prøvde det ein vinter. Like etter skaut han ei rjupe. «Det var nok ilt,» sa han, «men jamenn vart børsa god!» — Ei «skjemd» børse kunde ein bøte ved å piske ein orm inn i børseløpet og skyte han utatt. Dei la ormen frammanfor børsepipa og slo på båe kantane til ormen med kjeppar, so han til slutt smatt inni. — Jon-Sjugurd i Skurdalen tvinga ein orm inn i løpet for å få dråp i børsa. (O. S. Slåttun.)

Ein måtte aldri fortelja kor mykje veidn ein fekk. Det meinka veidelukka.

Fisk

Fisket hadde ikkje so mykje å seia som jakta og veidinga. Men år um anna vart det nok drege upp mykje fisk i vatna og i hovudelvane. Det var meir og grovare fisk i vøtno før, men det var ikkje fisk i so mange mindre vatn som no. I mange av desse er fisk sett i seinare tid. I den gamle Grøvo-huspostilen, som me har nenmt før, finn me: «Aaret 1858 om høsten transporterte jeg 200 små fisk i Villandskjernen, og i 1856 transporterte jeg 30 små fisker i en tjern i fjeldet. Niels Nielsen Grøvo.»

Det var lausekarane og kårfolk som mest dreiv med fiske. I fjellet hadde dei sine fiskemørkju, d. v. s. dei fiska utanfor visse eigner. Det var um sumrane og haustane dei fiska mest. I millomtida hadde dei mykje å gjera med å halde fiskereidskapane i stand. Dei batt og bøtte net og nøter, laga liner og ljøstrar o. s. b. Når åkeren tok til å gulne var det å dra upp i elvane og fiske med krok og makk. Dei fiska kvar dei vilde, det var ikkje tale um mitt eller ditt; det var å ta fisken der dei fekk han. Ein kunde få upptil i 5 kg. på ein dag med stong, (Halvor Berg).

 

— Når so lauvet gulna og tok til å drøsja var det å dra til fjells med ljøster og løgu (tyrispikar). Når dei ljøstra, vadde dei uti, — til uppunder livet; det var hutrande kaldt ofte um haustane. Han sa det Johannes Berg, far hans Halvor, um ein mann som døydde tidleg.- «Han har vadd for mykje i ljøstring.» Ein tok best fisken i oset, når han gjekk upp for å gotte, då stod storfisken der par og par. Gangfisken samla seg og i oset, når han skulde på åne. Uppe ved Ganasteinvadet t. d., millom Ganasteinen og sjølve vadet, var det framifrå ljøsterfiske (Lars Bry). Der drog dei mykje fisk, Lars Gudbrandsgard, Sigdals-Hølgji og n' Lars Øvrejordo. Og soleis var det andre stader og. — Det kunde elles vera ulikt i dei ymse tjørner og vatn kva tid fisken var lettast å ta. Sume stader var det best ved bufarsbelet, andre stader nærare jol. På Ustevatnet, og andre stader og, dreiv dei mykje med å ta fisken på isen, dei hogg hol og hadde lyse, krok og agn. Ofte fiska dei til lutars, eller dei leigde fiskestader og betalte avgifta med fisk. Lars Gudbrandsgard leigde t. d. Sundet, Ganasteintjørna og Kalvestølsvatnet av Johannes Berg for ei halv tunne fisk årleg (½ tunne=8 bismarpund). — Ein meir sjeldsynt fiskemåte var å bruke fiskesledar. Murane i fiskesleden måtte ende i ein spiss i mot straumen. I utfallsoset til Buvatnet og Store-Frosen finst rester av slike fiskesledar. Halvor Berg visste elles ikkje at fiskesledar var laga i Hol etter at far hans, Johannes Berg laga ein i Olsendån; han vart brukt siste gongen kring i 1890. I tjørnar og mindre vatn med små tillaup gjekk fisken ofte til utfallsoset for å gyte i staden for til innfallsoset, soleis ved Buvatnet; der gjekk fisken ned til ein grunne i elva, som heitte Jaga-re'en. Der tok dei og ofte fisken med net når han gjekk ned til gotteplassen eller uppover att. På slike stader reinska dei ofte upp botnen so fisken lettare kunde koma ned til gotteplassane. Over elva neda Buvatnet drog dei og stundom net over med ei snor, som gjekk på ei trinse festa til ein stolpe. Sume stader fiska dei og med bål som ljøster. Det var ikkje lite fisk dei drog upp. Dei førde heim eit par kløvjar med fisk kvar haust frå Buvatnet. Og slik frå vatn etter vatn.


Isfiske på fjellet. (Fot. Lars Bry.)

Fisken vart salta ned eller laga til rakafisk. Skulde det bli rakafisk, måtte ein reinske han godt, salte han passe og la han liggje frå september til over jol. Ein del av han brukte dei sjølve, men mesteparten seide dei til vetrehandlarane, eller i byen. Prisen var litt fyre midten av siste halvpart av 19. hundreåret 4 mark eller 1 spd. upptil 4½ mark for pundet, etter kor god fisken var.

Truer ved fisking.

Det var ved fisket som ved veidinga, at ein ikkje måtte ynskje lukke til når nokon drog ut, men kaste ein sopling etter eller sputte etter fiskaren. — Då og måtte ein leggje merke til kva ein møtte. Det var fyrste og tridje møtet ein måtte merke seg. Møtte ein ei kvinne, var det dårleg mark, men møtte ein ein mann var det bra, og møtte ein ein mann med hest vart det sers bra med fiskinga.

Fisken skulde og ha fred i helga. Dei tok alltid uppatt neta laurdag og let dei vera uppe til måndag. Elles vart fiskelukka øydelagt. Ein god fiskeplass vart øydelagt um ein fiska på han sundag.

Fekk ein agn av ein mann, skulde ein ikkje seia takk for agna, elles vart det dårleg med fisket. Og so skulde ein spurte på agna og seia «tvi» når ein kasta ho uti. Det skulde ein og gjera når ein la ut net.

Blødde fisken, vart det regn.

Ein måtte aldri fortelja andre kor mykte fisk ein hadde fått, eller vise fram fengda. Då miste ein fiskelukka.


I 1870-åra byrja byfolk å finne vegen upp i fjella. Som me har fortalt før, var Emil Michelet den fyrste, sia kom Berg'ane og Anker, J. W. Cappelen, A. Riiser-Moe, o. fl. Dei tok til å kjøpe upp jakt- og fiskerettar. Etter Magnus Lagabøters lov av 1274 var det so at grunneigarane ogso hadde jakt- og fiskeretten. Ved umsetjing av Magnus Lagabøters lov til Christian IV's i 1604 kom det ved ei mistyding til å stå at all jakt utan hund var fri for alle. Fyrst ved jaktlova av 1898, som skulde tre i kraft 1. januar 1899, vart dette mistaket retta. Det vart ein fyremun for grunneigarane, og alle sportsjegerane og sportsfiskarane vart misnøgde. (I heradsarkivet for Hol ligg eit stort upprop til protest frå ei lang rad Oslo-grosserarar, forretnings- og embetsfolk). Frå då av tok mange byfolk for ålvor til å kjøpe fjelleigedomar eller jakt- og fiskerettar. I Hol kjøpte byfolk store strok ved Strandavatnet, ved Stolsvatna, i Halnealmenningen, o. s. b. Me har før fortalt at mykje av dette i det siste er kome tilbake på bygdehender. Og jordlova frå 22. juni 1928 har fremja denne utviklinga endå meir.

Fredingsreglar freistar å stanse tilbakegangen i vilt- og fiskemengda. I 1880 var spørsmål um freding av elg og rein uppe for fyrste gong i Hol formannskap. Elg skulde etter dei reglane som då var på tale berre kunne skytast i tida i 5. september til 15. oktober, og rein i tida 1. august til 1. november. I 1889 vart dei fyrste fiske- fredningsreglane vedtekne for Hol etter upptak av Hol samtalelag. Ljøstring skulde vera forbode og det vart fastsett ein viss maskestorleik for net og not. Reglane vart etterkvart gjorde strengare og skulde gjelde for alle vatn og elvar i Hol. I visse vatn vart oterfiske og fiske med krok frå is forbode. Reglane har vorte fornya og brigda med visse millomrom. — I 1887 tok Hovet samtalelag ved O. O. Larsgard og Helge O. Sletto upp spørsmålet um å frede rjupa. Dei påviste at engelskmenn og byfolk alt då drap so mykje rjupur at det var fåre for at folk i Hol vilde miste ein god næringsveg. — Ein bymann skaut kvar sumar 4-500 rjupur, sa dei, og fleire og fleire byfolk trengde seg inn. Dei bad formannskapet ta seg av saka. Men i amtsformannskapet vilde dei andre herada i amtet ikkje vera med på nokor freding. Likevel kom det snart fredingsreglar for rjupe, storfugl og hare. I 1901 gjorde Hol heradsstyre etter upptak av Nils Sveingard m. fl. framlegg for Stortinget um å utvide fredingstida for rjupe til tida frå 31. mars til 24. august. Arbeidet for å utrydde rovdyra ved skotpremi og liknande, tener og til vern um viltet, so det ikkje skal bli heilt utrydda frå skogane og fjella. Til innkjøp av fiskeyngel til fjellvatna har Hol eit fond på kr. 2 000 skipa av godseigar A. Riiser-Moe i 1917.